Seljumannamesse 2025

 Seljumannamesse 5.-8. juli 2025

Seljumannamesse 8. juli er ein av våre eldste kristne merkedagar, og blir feira kvart år på øyene Selja og Kinn til minne om Sta. Sunniva og dei heilage seljemennene. Seljumannamesse er blant dei merkedagane som er nemnd i Kristenretten som St. Olav innførde på Moster i 1024, og finst i alle dei tidlege landskapslovene.

Det er både katolsk, ortodoks og protestantisk messe på Selja i dagane rundt 8. juli. Det er katolsk messe både laurdag 5. og tysdag 8. juli. Den protestantiske messa er søndag 6. juli.


Laurdag 5. juli

Søndag 6. juli

12.00: Protestantisk messe v/Seljumannamessekomiteen

10.45, 11.15 og 11.30: Båt frå Selje til Selja. Første og siste avgang går direkte til klosteret, andre avgang går til Bø med vandring over øya frå Bø til klosteret. Det blir sett opp ekstraturar dersom båten er full slik at alle kjem seg over. På returen etter messa går båten i skytteltrafikk tilbake til Selje. Det er også mogleg å gå på båten på Bø.

Måndag 8. juli

Katolsk messe på Selja

Ortodoks messe på Selja

Protestantisk messe på Kinn

Praktisk informasjon

Båtruter: Det blir sett opp båtruter frå Selje til Selja med klosterbåten til alle messene. Billettar kjøpast på nett eller på båten.

Overnatting: Oversikt over overnattingsstader finn du her

Mat: Det blir høve til å kjøpe mat m.a. på Mix og Frimannsbuda i Selje sentrum laurdag og søndag.