Seljumannamesse

 
 

Seljumannamesse 1000 år 5.-8. juli 2024

Seljumannamesse er ein av våre eldste kristne merkedagar, og blir feira kvart år rundt 8. juli på Selja og Kinn. Seljumannamesse er blant dei merkedagane som er nemnd i Kristenretten som St. Olav innførde på Moster i 1024, og finst i alle dei tidlege landskapslovene. Difor feirar vi no 1000 års-jubileum for Seljumannamesse i 2024.

Feiringa blir markert med ein jubileumsseglas mellom Florø, Selje, Måløy, Kalvåg og Kinn helga 5.-8. juli 2024 med veteranbåten m/s Atløy. Denne seglasen inngår som ein etappe i ein verdiseglas langs heile Kystpilegrimsleia 2024, og er også ein del av jubileumsstafetten fram mot Nasjonaljubileet Norge i 1000 år.

Det blir verdisamtalar, kulturprogram og folkefest på alle stoppestadene. I tillegg blir det arrangert Keltisk pilegrimskonferanse på Fjordly og messe på Selja kloster og Kinn gamle kyrkje. Les detaljert program for kvar stoppetstad nedanfor:

Jubileumsseglas med m/s Atløy 5.-8. juli

Det blir arrangert ein jubileumsseglas med veteranbåten m/s Atløy mellom Florø, Selje, Måløy, Kalvåg og Kinn helga rundt Seljumannamesse 5.-8. juli.

Du kan kjøpe billettar til heile eller delar av seglasen.

Her finn du program for dei ulike stoppestadene av jubileumsseglasen.

Stoppestader:

Fredag 5. juli: Florø

20.30-21.30: Foredrag v/professor Alf Tore Hommedal om Sta. Sunniva og Seljumannamesse. Comfort Hotell Florø. Arr: Flora Historielag

Laurdag 6. juli: Selje

08.30: Avreise med Atløy frå Florø til Selje.

11.30, 11.45, 12.00 båt til Selja kloster med klosterbåten. Retur etter katolsk messe.

15.00: ordinær guida tur på Selja kloster med klosterbåten

11.00-14.00: Katolsk messe og pilegrimsvandring til Selja kloster. Arr: Vår Frue Kirke- den katolske kirke i Ålesund

Familiedag i Selje sentrum:

  • 12.00-14.00. Sandslottkonkurranse for barn på Seljesanden. Arr: Barnas turlag Selje.

  • 11.00-16.45 Ope bibliotek og utstilling til 750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes Landslov i innbyggjartorget. Arr: Stad bibliotek avd. Selje.

  • 09.00-16.00: Ope hus i Selje prestegard med servering av kaffi og kake, stempeljakt, teikning for barn og open verkstad i borgstova. Arr: Regionalt Pilegrimssenter Selje og Selje misjonsforening.

  • 11.30-14.30: Ope i brukbutikken “Brukt og brukande” med sal av vaflar og kaffi. Arr: Selje sanitetsforening.

14.00: M/s Atløy kjem til Selje

14.30-16.45: Kulturprogram i innbyggjartorget i Selje:

  • 14.30: Foredrag v/Graham Booth: ”Thin Places" and the Celtic Missionary Heart. Arr. Keltisk pilegrimskonferanse.

  • 15.00-15.45: Foredrag v/professor Alf Tore Hommedal om Sta. Sunniva og Seljumannamesse. Arr. Flora historielag.

  • 16.00: Omvising i Kloster- og Sunnivautstillinga i innbyggjartorget v/Alf Tore Hommedal

  • 16.30: Inntoning v/kystpilegrimsprest Einar Vegge.

  • 16.45: Prosesjon med kystpilegrimskista frå Innbyggjartorget til Selje kyrkje.

18.00: Konsert i Selje kyrkje med lokale krefter og Line Dypedal. Sunnivatema. Arr: Seljumannamessekomiteen v/ organiset Jon Inge Sigerland. Overlevering av verdibrev og kystpilegrimskiste til Regionalt Pilegrimssenter Selje. Arr: Regionalt Pilegrimssenter Selje.

20.00: Tur på fjorden med m/s Atløy. Reker og vin. Kjøp av billettar på båten. ca. 2 timar.

20.30: Salmepub på Frimannsbuda. Arr: Selje sokneråd.

Søndag 7. juli: Selje

Protestantisk feiring v/Seljumannamessekomiteen

10.45, 11.15 og 11.30: Båt frå Selje til Selja. Første og siste avgang går direkte til klosteret, andre avgang går til Bø med vandring over øya frå Bø til klosteret. Det blir sett opp ekstraturar dersom båten er full slik at alle kjem seg over. På returen etter messa går båten i skytteltrafikk tilbake til Selje. Det er også mogleg å gå på båten på Bø.

11.45: Orientering om Selja kloster og arbeid med ruinkonservering v/Bjørn Erik Rydningsmo- Jensen.

12.00: Seljumannamesse v/biskop Ragnhild Jepsen i klosterruinane på Selja.

Etter messa: Båt frå Selja til Selje.

15.30: Avgang m/s Atløy frå Selje.


Katolsk feiring:

18.30-24.00: Vesper i Selja klostergård etterfølgd av grilling. Virgilemesse i Sunnivahola ved p. Ole Martin Stamnestrø. Påmelding innan 6. juli her. Arr. Venner av Selja klostergård.

Søndag 7. juli: Måløy

17.00: Ankomst m/s Atløy til Måløy

17.30-18.45: Gatekunstvandring i Måløy sentrum

19.00-19.30: Kveldsbøn i Sør-Vågsøy kyrkje

19.30-20.00: Enkel kveldsmat i Sør-Vågsøy kyrkje

20.00-21.00: Foredrag v/professor Alf Tore Hommedal om Seljumannamesse og Sta. Sunniva

Måndag 8. juli: Kalvåg

08.30: Avreise m/s Atløy frå Måløy

11.30: Ankomst m/s Atløy i Kalvåg

11.30-12.45: Kulturprogram på Galleri Torsheim:

  • 11.30-11.50: Kirsten Grotle fortel om Grotle gamle gravplass.

  • 11.50-12.15: Minikonsert ved Hilde Hauge : song/fløyte  Monica Liseth Hauge : song,  Jarle Grotle: trekkspel/piano,  Norvall Klungresæter : gitar/song,  Raimund Hocklas: kontrabass. Arr: Bremanger kommune og sokneråd.

  • 12.15-12.45: Foredrag ved professor Alf Tore Hommedal om Sta. Sunniva og Seljumannamesse. Arr: Flora historielag.

13.00-14.00: Lunsj/middag ved Knutholmen restaurant. Høve til å kjøpe med seg niste for dei som skal vidare med båt.

14.00: Avreise m/s Atløy frå Kalvåg


Måndag 8. juli: Kinn
09.00-15.00: “Tur og kultur”. Pilegrimsvandring på Rekstad og Kinn. Påmelding. Arr: Flora Turlag

Kinn kyrkje er opa heile dagen. Sal av svele og kaffi i kyrkjestova.

14.30 og 16.00: Rutebåt frå Florø til Kinn.

16.30: Ankomst m/s Atløy til Kinn.

17.30-18.30: Gudsteneste/Seljumannamesse i Kinn kyrkje v/biskop Ragnhild Jepsen.

19.00-19.30: Foredrag med professor Alf Tore Hommedal om Sta. Sunniva og Seljumannamesse. Arr: Flora historielag.

20.30: Rutebåt frå Kinn til Florø.

20.15: Avreise m/s Atløy frå Kinn til Florø.


Måndag 8. juli i Selje

Ortodoks feiring:
08.00: Ortodoks liturgi i Selje kyrkje. Arr. Hellige Nikolai menighet. 10.00: Trapeza/måltid i Doktorgarden i Selje. Arr: Hellige Sunniva kloster. 11.30: båt frå Selje til Selja kloster. 12.30: Paraklisi/bøn i Sunnivahola- 14.30: Retur med båt til Selje.

Katolsk feiring:

10.15: Prosesjon frå Bø til klosterruinane. 11.30 katolsk messe i klosterruinane ved p. Ole Martin Stamnestrø. Grilling og årsmøte i Venner av Selja klostergård. Påmelidng innan 7. juli her. Arr: Venner av Selja klostergård.

Praktisk informasjon

Påmelding jubileumsseglas: ingen påmelding til arrangement på land. Der det er påmelding til arrangement, er dette oppført i programmet over.

Overnatting: Overnatting kan du sjølv bestille. Oversikt over overnattingsstader finn du her

Mat: Det blir høve til å kjøpe mat m.a. på Mix og Frimannsbuda i Selje sentrum laurdag og søndag. Søndag blir de sal av fiskesuppe i kloservågen på Selja. I Florø, Måløy og Kalvåg er det høve til å kjøpe mat. På Kinn må ein ta med eiga niste.

Kelstisk pilegrimskonferanse fredag 5. juli

Keltisk pilegrimskonferanse blir arrangert fredag 5. juli på Fjordly ungdomssenter på Bryggja i samarbeid mellom Fjordly, Filadelfia Stadlandet, Den norske kyrkja og Regionale pilegrimssenter. Gjest i år er Graham Booth, som driv det keltiske retreatsenteret the Glebe på øya Fetlar på Shetland.

Påmelding til keltisk pilegrimskonferanse


Samarbeidspartar:

  • Regionalt Pilegrimssenter Selje (koordinatpr)

  • Stad kommune

  • Bremanger kommune

  • Kinn kommune

  • Kinn sokneråd

  • Selje sokneråd

  • Sør-Vågsøy sokneråd

  • Frøya sokneråd

  • Bjørgvin bispedøme

  • Seljumannamessekomiteen i Stad

  • Keltisk pilegrimskonferanse - komiteen

  • Fjordly ungdomssenter

  • Filadelfia Stadlandet

  • Pilegrimsfellesskapet Sta. Sunniva

  • Flora historielag